Vossakortet: eitt sesongkort, to skisenter
Eitt kort, to skisenter! Kvifor nøya seg med berre eitt, når du kan stå på ski i både Voss Resort og Myrkdalen med eitt og same sesongkort? Kjøp Vossakortet og få mest mogleg ut av Vossafjella i vinter.

Sesongkort til både Voss Resort og Myrkdalen
Endeleg kan du oppleva både Voss Resort og Myrkdalen med eitt og same sesongkort. Me veit at dette har vore etterspurt, og no får du endeleg full tilgang til to av Norges beste skidestinasjonar utan å måtte kjøpe to separate kort.
Med dette kortet får du dobbelt opp med nypreparerte løyper, toppturmoglegheiter, off-pistekøyring, park og forhåpentlegvis masse puddder! Begge skisentera tilbyr kveldskøyring, men på ulike dagar. Perfekt for deg som vil stå så mykje som mogleg på ski.
Vossakortet gir deg alle de same fordelane som eit vanlig sesongkort, til ein fast pris på kr. 8.900,-. Ingen student- eller familierabattar, same pris gjelder for alle.
Sesongkortet gjeld ikkje for Voss Gondol i sommarsesongen.
NB! Begrensa antal.
Kjøp Vossakortet no!
Vossakortet
Dette sesongkortet gjeld både i Myrkdalen og Voss Resort i vintersesongen 2025/2026. I tillegg er det gyldig for sommarheisen i Myrkdalen som går i juli og august 2026.