Hopp til innhald

Matfilosofi

God mat og drikke er ein viktig del av eit vellukka opphald. Norsk, lokalt og i sesong er stikkorda som ligg i grunn for Fretheim Hotel sitt matkonsept. Hjå oss får du ikkje berre eit godt måltid. Du får og ein bit av kulturhistoria med på kjøpet, samtidig som du er med på lokal verdiskaping.

Ei god matoppleving

God mat og drikke er ein viktig del av eit vellukka opphald. Hjå oss skal måltidet vera ein del av opplevinga, anten du arrangerer eit selskap med spesialtilpassa meny, vel middag frå a la carte menyen i restaurant Arven, får pausemat til møtet eller berre et frukost før du reiser vidare.

Menyane er sesongbaserte og basert på tradisjon med ein moderne vri. Hjå oss kan du vera sikker på å få mat laga av fyrsteklasses råvarer som også er så kortreist som mogleg.

-Vi meiner det er meir berekraftig å tilby handplukka blåbær frå ein lokal produsent, enn å fly inn økologiske bær frå California, seier kjøkkensjef Bjarte.

Drikkemenyen er sett saman for å komplimentere måltidet, med nøye utvalde vinar, lokalt øl, sider og juice. Dei dyktige servitørane våre gjev gjerne innspel til passande drikke til maten.

Kortreist mat

At maten er så kortreist som mogleg er eit grunnprinsipp i vår matfilosofi. Både berekraft og dyrevelferd står sentralt hjå oss, og vi samarbeider tett med ei rekke lokale produsentar som har dei same verdiane som oss. Hjå oss får du mellom anna geitost frå Undredal, spekemat og bacon frå Haugen Gardsmat, friske grønsaker frå Sogn Jord- og Hagebruksskule, bær frå Lærdal og kjøt frå Tveite Gard. Vi er medlem av nettverket Smak av Kysten og får mellom anna kveite frå eit landbasert oppdrettsanlegg ved Sognefjorden og skaldyr frå kysten utanfor Bergen.

Variert drikkemeny

Det er ikkje berre maten som er lokal. Med mengda fruktgardar langs Sognefjorden og Hardangerfjorden, er det ikkje rart juice og sider frå området har blitt populært. Ølbrygging har lange tradisjonar på Vestlandet, og dei siste tiåra har øl fått ein skikkeleg oppsving. Vinane på kartet er kanskje ikkje like lokale, men dei er nøye valt ut for å passe til gjeldande meny. Uansett kva du føretrekkjer, er vi sikre på at du finn drikke som fell i smak.

Råvarer i sesong

For å kunne tilby gjestene våre rein mat laga på dei beste og ferskaste råvarene til ei kvar tid, baserer vi menyane våre på det som er i sesong og på tradisjonelle tilberedningsmetodar. Om vinteren er fisk og skaldyr på sitt beste og rotgrønsaker som har god varigheit er viktige ingrediensar som tilbehøyr. Tradisjonelt vart mat grava, røykt og hermetisert for å halde gjennom vinteren, og det vil du finne igjen hjå oss.

På våren byrjar det å spire og gro. Vårgrønsaker som asparges, ferske urter og skot som ramsløk står sentralt. Sommar er høgtid for ferske grønsaker, bær og frukt ved fjorden. Vi får ferske produkt frå mellom anna Lærdal, og vi samarbeider med Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland som dyrkar særskild for oss. Hausten er tida for lam, vilt, rotgrønsaker og eple. Perfekt for hustrige kveldar!

Geit i fokus

Visste du at kommunevåpenet til Aurland kommune er ei geit? Det er ikkje for alle å manøvrere seg rundt i dei bratte og steinete fjellsidene ved fjorden, men geiter er drivne fjellklatrarar. Ifølgje vår entusiastiske kjøkkensjef, ligg geita i områdets DNA. Kva er vel då meir naturleg enn at nettopp dette dyret, som elles er lite brukt i norske kjøkken, er den raude tråden på menyen? I restaurant Arven kjem den i ulike former etter sesong, både kjøt, mjølk og ost vert brukt. Til og med som dessert.

Mat som kulturberar

Matproduksjon, kultur og kulturlandskap går hand i hand. Vi ynskjer å bidra til ein levande lokalkultur og eit biologisk mangfald i verdsarven. Når vi samarbeider med lokale produsentar, kan dei fokusere på drift i ein skala som passar til området. Landskapet rundt Nærøyfjorden og Flåm står på UNESCO sin verdsarvliste nettopp fordi det er haldt i hevd utan store inngrep på naturen i moderne tid.

Vi ynskjer å ta tilbake produkt og ingrediensar som har blitt litt borte. Til dømes produksjon av dyreartar som tradisjonelt har vore viktige for området, men som i seinare tid nær har forsvunne. Den gamle ferasen Vestnorsk fjordfe er eit godt eksempel. En kyrerase som ikkje har hengt heilt med i moderniseringa, men som eignar seg godt til beiting i dei bratte fjellområda ved fjorden. Utan beitedyr gror landskapet raskt igjen.

Kontakt salsavdelinga salg@fretheimhotel.no Tlf.: +47 57 63 63 00