
Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Denne skiferien er for skientusiastar som verkeleg vil oppleva noko utanom det vanlege. Legg den årlege veneturen til Myrkdalen og Vatnahalsen og få pudder og frikøyring i verdsklasse!
Myrkdalen er eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg og er det mest komplette skisenteret på Vestlandet - med 22 varierte løyper, parkar og herleg frikøyringsterreng. Velpreparerte løyper og urørt pudder står høgt i kurs, og med variert terreng og fin skogskøyring har anlegget vore ein ynda plass for frikøyringsentusiastar.
Kombiner frikøyring i Myrkdalen med spektakulære toppturar ved fjorden
Dei dyktige guidane på skiskulen til Myrkdalen Aktiv veit til einkvar tid kvar den beste snøen er i Myrkdalen og områda rundt.
I hjarta av Myrkdalen Fjellandsby finn du moderne Myrkdalen Hotel, med ski inn – ski ut tilkomst til skisenteret. Hotellet har 112 rom i ulike storleikar – frå standard rom til suiter med fleire soverom. Her finn du tre restaurantar med à la carte, fondue og heimelaga pizza/pasta, samt to barar og kafèar med gode rettar for folk i farta.
Er de ein stor vennegjeng kan de også bu godt i hytter og moderne leilegheiter midt i bakken. Einingane er utstyrt med alt ein treng for å laga gode måltid saman. Er de slitne etter ein lang dag på ski, kan de sjølvsagt bestilla mat frå hotellet til hytta.
Etter innhaldsrike skidagar i Myrkdalen, kan du køyra 45 minutt til Flåm og ta den verdskjende Flåmsbana til Vatnahalsen. Her får du oppleva real ingeniørkunst gjennom den rå og vakre Flåmsdalen.
Me tilbyr skreddersydde pakkar som kombinererer det beste av Myrkdalen, Flåm og Vatnahalsen.
Heilt sidan 1896 har . Området rundt Vatnahalsen er snøsikkert, med eit variert terreng som byr på lange, fine nedkøyringar i alle himmelretningar. Når forholda tillet det kan ein køyra på ski heilt ned i dalen og ta Flåmsbana tilbake til hotellet. Kombinasjonen av tog og frikjøring i verdsklasse gjer Vatnahalsen til ei unik skioppleving.
På Vatnahalsen kan du bestilla toppturar med sertifiserte Nortindguidar.
På Vatnahalsen kan du bestilla toppturar med sertifiserte Nortindguidar (UIAGM) med lang erfaring og god formidlingsevne. Deira ynskje er å skapa unike skiopplevingar og samstundes byggja kompetanse rundt frikøyring.
Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad og det er lett å koma seg til destinasjonen. Hopp på toget frå Oslo eller Bergen, og ta buss vidare til Myrkdalen.
Å køyre frå Bergen til skisenteret er gjort på under to timar. Frå Oslo tek det ca fem timar og raskaste fjellovergangen er Hemsedalsfjellet.
Me tilbyr skreddersydde pakkar som kombinererer det beste av Myrkdalen, Flåm og Vatnahalsen.
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reisa med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vera i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk! Her får du oversikt over alt du kan oppleva i og rundt Myrkdalen - anten du ynskjer ro og fjelluft eller spennande utfordringar.
Julebrusen har for lengst innteke butikkhyllene, julebelysninga lyser opp gatene, og lista over gjeremål blir stadig lenger – trass i alle avkryssa punkt. Du ynskjer å gje dei du er glad i ei gåve som verkeleg treffar, men blir den genseren du synest er så fin, brukt meir enn éin gong? Med eit gåvekort frå Norways Best gir du fridommen til å velja ei oppleving som garantert blir sett pris på.