
Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Er du ute etter ein aktiv sykkelferie med heile familien, er Myrkdalen plassen for deg!
I Myrkdalen finn du ein 850 kvm pumptrack, hopplinjer i ulike vanskegradar, tilrettelagt sti med ulike element, samt sykkelutleige, kurs og guida turar for både vaksne og born.
Rett ved Myrkdalen Hotel finn du ein 850 kvm pumptrack i asfalt, som består av ulike formasjonar, kular og svingar. I pumptracken kan ein bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel.
Med tanke på sykkel er det særs god øving å sykla pumptrack. Her får ein læra korleis ein posisjonerer seg på sykkelen, og korleis ein timer det å skapa trykk og fart utan å bruka pedalane. Dette er kjekk kunnskap og erfaring å ta med seg ut på naturlege stiar.
Alle typar syklar fungerer godt i ein pumptrack, men mange kjenner at dei får større fart og betre respons frå underlaget på ein sykkel utan demping. Døme på dette er BMX, hardtail eller ein form for dirt sykkel.
I tillegg til pumptracken har me ei lita sykkelløype med to grøne og ei blå sløyfe på oppsida av hotellet. Løypa er familievenleg og passar både for born og nybyrjarar, men også for syklistar som vil øva teknikk på små element. Sykkelanlegget kan du nytta fritt gjennom heile sommaren.
El-sykling er ei trend som veks for kvart år - med god grunn. El-sykkelen gjev deg rett og slett kjensla av superkrefter og du kan sykla både lenger og fortare enn på ein vanleg sykkel. I tillegg til hardtail og fulldempa terrengsyklar har Myrkdalen Sport & Utleige el-syklar til leige på sommaren.
I Myrkdalen er eit fint turmål for familien å sykla til Fjellstova Vetlebotn. Her får du tradisjonsmat basert på kortreiste råvarer, kaffi og deilige bakevarer.
Ynskjer du å oppleva høgfjellsterreng på sykkelsetet, er grusvegane på Vikafjellet eit godt alternativ å utforska.
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reisa med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vera i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk! Her får du oversikt over alt du kan oppleva i og rundt Myrkdalen - anten du ynskjer ro og fjelluft eller spennande utfordringar.
Julebrusen har for lengst innteke butikkhyllene, julebelysninga lyser opp gatene, og lista over gjeremål blir stadig lenger – trass i alle avkryssa punkt. Du ynskjer å gje dei du er glad i ei gåve som verkeleg treffar, men blir den genseren du synest er så fin, brukt meir enn éin gong? Med eit gåvekort frå Norways Best gir du fridommen til å velja ei oppleving som garantert blir sett pris på.