
Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Tinderettleiaren har vore på fjelltoppar verda rundt. På heimebane vel Stein Falsen Møller likevel Myrkdalen. – Eg vil gje borna sjansen til å oppleva skiglede, seier han.
"Myrkdalen fekk ein plass i hjarta mitt allereie for 20 år sidan."
Året er 2003, og ryktet om eit segnomsust pudderparadis på Voss må sjekkast ut. Den erfarne fjellguiden og toppturentusiasten Stein Falsen Møller pakkar raskt saman feller og skiutstyr og køyrer dei bratte svingane frå Bergen til Voss.
– Alt som var her den gongen var eit knøttlite skitrekk. Eg tok det eit stykke opp i terrenget, og begynte å gå i den uberørte laussnøen
Oppover i fjellsida, utanfor løypene, seier Stein som vart frelst frå fyrste stavtak. Sidan har han fortsett å koma hit. Enten privat, for å trena eller i jobben som skredinstruktør og guide.
No er det sønene Eirik (9), Sondre (5) og Iver (2) som snart suser nedover løypene i leik og moro, slik pappa har gjort i årevis. Det er i alle fall håpet.
Saman med sambuar Ane har han kjøpt hyttetomt i Hagamyra og flytta inn i den nye hytta i desember 2022. – Me kosar oss og har funne oss godt til rette, seier han.
Paret gler seg til å skapa minner her, saman med familien. Invitera venner. Kosa seg på kjøkkenet. Laga mat saman. Sjå ut på kvite fjelltoppar gjennom store vindaugsflater.
"Draumen er å gå rett i skoa og ut og opp på toppene. Og kjenna ettermiddagssola steika i hytteveggen etterpå."
Paret ynskjer at Myrkdalen skal bli deira «nærfjell».
– Me vil tilbringa helgene ein stad me er sikra snø. Ein stad me kan dra til utan lange bilturar og mykje styr før me kjem oss av garde. Med dei klimaendringane me har no, der alt ser ut til å bli mildare og våtare, vurderer me Myrkdalen som den mest snøsikre staden innanfor to timars avstand heimanfrå i Bergensområdet, seier Stein.
Han elska barndomens uteliv i granskogen i Krokstadelva utanfor Drammen, men no kan han ikkje tenkja seg noko betre enn bratte vestlandsfjell. Han kallar seg topografi-flyktning.
"Det beste med skikøyring er at eg gløymer alt anna. I kvar einaste sving eg sett er eg totalt til stades i augneblikket."
Det var fyrst i militæret på Setermoen i Bardufoss at Stein blei introdusert for fjellski og klatring. Og sidan har han alltid vore på jakt etter brattheng og urørt snø. Etter geologiutdanning og 12 år som fagansvarleg for redning i Aak Safety, jobbar han no som redningsteknisk rådgjevar i Norsk Luftambulanse.
Som leiar for ei alpin redningsgruppe på fritida og sertifisert tinderettleiar er nærleik til fjellet noko han har ønska seg lenge. Førebels ser han for seg at familien vil boltra seg mest i skianlegget . Borna skal få skiferdigheitene på plass før pappa tek dei med på frikøyring og toppturar.
– Gleda over å vera ute betyr mykje for Ane og meg. Det ynskjer me å bringa vidare til barna. Kanskje opplever dei den same skigleda som oss? Ved å kjøpe hytte her legg me i alle fall til rette for at dei kan gripa den sjansen. Så får me berre håpa at dei kastar seg ut i det, bokstaveleg tala!
Eit hav av moglegheiter ventar på deg, anten du søkjer etter ein spennande ferie med familien eller ynskjer å finne roen i majestetisk vestlandsnatur.
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reisa med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vera i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk! Her får du oversikt over alt du kan oppleva i og rundt Myrkdalen - anten du ynskjer ro og fjelluft eller spennande utfordringar.
Julebrusen har for lengst innteke butikkhyllene, julebelysninga lyser opp gatene, og lista over gjeremål blir stadig lenger – trass i alle avkryssa punkt. Du ynskjer å gje dei du er glad i ei gåve som verkeleg treffar, men blir den genseren du synest er så fin, brukt meir enn éin gong? Med eit gåvekort frå Norways Best gir du fridommen til å velja ei oppleving som garantert blir sett pris på.