
Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Ynskjer du vinterferie i Norge? Legg skiferien med familien til Myrkdalen - eit skisenter med flotte opplevingar og tilbod til alle, uansett nivå. I Vestlandet sitt eige vinterparadis ligg alt til rette for at familien får dei gode opplevingane saman.
I Vestlandet sitt største skisenter finn du familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng. Her ligg alt til rette for at mor, far og born får den perfekte skiferien saman.
Barneområdet ligg i sjølve basen av skisenteret, med enkel tilkomst frå parkering, leilegheiter og Myrkdalen Hotel. Området har eit saktegåande rulleband for dei aller minste, to tallerkentrekk og tre varierte grøne løyper med enkle og leikne parkelement. I tillegg finst Eventyrskogen, ei lysløype full av morosame fargar. Denne er ekstra spennande på kveldstid!
I Myrkdalen er alt samla på ein stad. La bilen stå parkert heile vinterferien og bruk tida på gode opplevingar med familien
Alle born er ulike, nokon er tøffe og andre er meir forsiktige. Felles for alle er at dei lærer mest når dei har det kjekt. Dette gjer dei trygge, skapar skiglede og gjev motivasjon til å øva i bakken.
Skinstruktørane og skilærarane hjå Myrkdalen Aktiv sin skiskule er alle utdanna gjennom Den Norske Skiskole, og dei har eit mangfald av teknikkar som gjer det kjekt å stå på ski.
Bestill skiundervisning her.
Kjærleik for mat og bruk av lokale råvarer kjenneteiknar kjøkkenet på Myrkdalen Hotel. Her blir rettane laga frå botn av og mykje av råvarene blir levert av lokale bønder.
I familierestauranten Tunet får du både pastarettar og den beste steinomnsbakte pizzaen i mils omkrets
I Restaurant Nuten kan du bestilla velsmakande à la carte rettar– og til borna har me sjølvsagt ein eigen barnemeny.
På Kamben Kafé & Spel kan de trekkja innandørs etter ein dag i bakken, eller på ein regnvêrsdag. Der finst det familievennlege spel, som duckpin bowling, dart og shuffleboard.
Treng du boltreplass for heile familien kan du bu godt i hytter og leilegheiter av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og dei fleste med ski inn – ski ut.
Ynskjer du hotellferie, har moderne Myrkdalen Hotel eit utval av større rom og suiter som er eigna for familiar. Her kan du også bestilla to standard rom med dør i mellom for litt ekstra plass og komfort til både vaksne og born.
Bestill overnatting her.
I alle feriar og helger har me eit innhaldsrikt program for alle aldersgrupper
Ferien i Myrkdalen inneheld ikkje berre leik med ski på beina. Avslutt dagen med ein fartsfylt aketur eller ein avslappande time i fjellsauna. I feriar har me eigne program fullspekka med aktivitetar for heile familien. Sjå oversikt over våre aktivitetstilbod her.
10 tips til vinteraktivitetar utan ski
Vil du tilbringa ein ettermiddag på Voss, kan me anbefala ein stopp i vindtunnelen. Her kan ein oppfylla draumen om å fly som supermann og få eit minne for livet. I Vossabadet, midt i Voss sentrum, finn du også ein innandørs badehall med tre basseng, stupetårn og sklie.
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reisa med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vera i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk! Her får du oversikt over alt du kan oppleva i og rundt Myrkdalen - anten du ynskjer ro og fjelluft eller spennande utfordringar.
Julebrusen har for lengst innteke butikkhyllene, julebelysninga lyser opp gatene, og lista over gjeremål blir stadig lenger – trass i alle avkryssa punkt. Du ynskjer å gje dei du er glad i ei gåve som verkeleg treffar, men blir den genseren du synest er så fin, brukt meir enn éin gong? Med eit gåvekort frå Norways Best gir du fridommen til å velja ei oppleving som garantert blir sett pris på.