Frisbeegolf
Ta med familien på ein morsom rund frisbeegolf i Myrkdalen! Kven klarer å komme seg gjennom banen med færrast mogleg kast?
Informasjon
Frisbeegolf er ein av verdas raskast veksande sportar og har blitt svært populært i Norge dei siste åra. I Myrkdalen har me ein familievenleg 5-hols bane.
Poengkort kan hentas i resepsjonen på Myrkdalen Hotel eller i Myrkdalsstovo Velkomstsenter.
Stad: Øvre del av barneområdet - start like ved Myrkdalsekspressen
Tid: Til fritt bruk kvar dag i sommar- og haustsesongen
Pris: Gratis. Om du ikkje har disk/frisbee sjølv, kan du leige i resepsjonen på Myrkdalen Hotel for 50 kr per disk
Godt å vite
Sesong
Andre aktivitetar i Myrkdalen

Natursti til Vetlebotn
Gjer fjellturen kjekkare for små og store! Naturstien i Myrkdalen går frå Helgatun til Fjellstova Vetlebotn.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Sykkelutleige i Myrkdalen
Leig sykkel i Myrkdalen og utforsk den vakre dalen i sommardrakt frå sykkelsetet.

Stolpejakt i Myrkdalen
I heile Norge er det «stolpejakt-feber». Bli med på den populære aktiviteten her i Myrkdalen også.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.