Guida fisketur på Sognefjorden
Opplev magiske Sognefjorden frå båt! Vik Adventure tek deg med frå Vik til idylliske fjordarmar for fiske og sightseeing. Lokalkjende guide viser deg dei beste fiskeplassane og deler sine beste tips. Utstyr og agn er inkludert – du treng berre å ta med fiskelykke og godt humør!
Informasjon
Ein liten (og vakker) køyretur frå Myrkdalen og over Vikafjellet finn du Vik. Derfrå kan du oppleva Sognefjorden. Perfekt dagstur for deg og vennegjengen eller familien.
Maks tal: 6 personar
Tidspunkt: 11.00 - 15.00
Parkering: Ved Turistinformasjonen, Sentrumsgata 1
Oppmøtestad: Vik Adventure-butikk, Vetleøyri 2 (Møt opp 15 minutt før avgang!)
Kledning: Kle deg etter vêret! Bukse, genser og lukka sko er tilrådd (ikkje sandalar).
Pakkeliste: Matpakke, vatn og snacks. Og ikkje gløym kamera!
Inkludert: Redningsvest, fiskeutstyr, agn og guide.
Passar for: Dette er ein familievennleg tur som passar for alle aldrar!
Andre aktivitetar

Sykkelutleige i Myrkdalen
Leig sykkel i Myrkdalen og utforsk den vakre dalen i sommardrakt frå sykkelsetet.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Bike and Hike
Bestill ein privat guide til deg og vennane dine - bli med på dette fine sykkel- og fjelltureventyret! Me tek elsykkelen fatt og suser gjennom vakre dalar med beitande dyr, for så å passera ein imponerande foss, før me parkerer syklane og vandrar opp til den sjarmerande fjellgarden Vetlegrungen.

Fly vindtunnel på Voss
Har du nokon gong drøymt om å kunna fly? Hos Vossvind går draumen i oppfylling! Opplev den utrulege kjensla av vektløyse og fritt fall.

Natursti til Vetlebotn
Gjer fjellturen kjekkare for små og store! Naturstien i Myrkdalen går frå Helgatun til Fjellstova Vetlebotn.