Guida tur til lavo
Bestill ein privat guide til deg, vennegjengen eller familien. Nyt ein enkel fottur på 1 km til villmarkscampen på Årmotslia.
Guida tur til lavo i Årmotslia
Gruppa går samla mot lavvoen, der me samlast for historieforteljing om norske tradisjonar. Deretter vert det kjekke aktivitetar som bogeskyting eller øksekasting. Opplevinga vert avslutta med eit lett måltid beståande av smørbrød, Kvikk Lunsj og varme drikkevarer.
Er de ein stor gruppe? Me tek imot bestillingari samband med utdrikningslag, bursdagar og teambuilding! Ta kontakt med aktiv.myrkdalen@norwaysbest.com for bestilling eller spørsmål.
Praktisk informasjon
Pris: 3 250 NOK per gruppe (1-5 personar)
Aldersgrense: 4 år
Beregnet tid: 2 timar
Oppmøte: Kl. 10.00 utanfor Myrkdalen Hotel
Vanskegrad Lett
Du treng:
- Klede etter vêret
- Gode tursko
- Vatnflaske
Inkludert i prisen:
- Erfaren guide
- Smørbrød, sjokolade og varm drikke
Bli med oss på ei uforgløymeleg oppleving i Myrkdalen!
Godt å vite
Sesong
Andre aktivitetar i Myrkdalen

Sykkelutleige i Myrkdalen
Leig sykkel i Myrkdalen og utforsk den vakre dalen i sommardrakt frå sykkelsetet.

Bike and Hike
Bestill ein privat guide til deg og vennane dine - bli med på dette fine sykkel- og fjelltureventyret! Me tek elsykkelen fatt og suser gjennom vakre dalar med beitande dyr, for så å passera ein imponerande foss, før me parkerer syklane og vandrar opp til den sjarmerande fjellgarden Vetlegrungen.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Guida fisketur på Sognefjorden
Opplev magiske Sognefjorden frå båt! Vik Adventure tek deg med frå Vik til idylliske fjordarmar for fiske og sightseeing. Lokalkjende guide viser deg dei beste fiskeplassane og deler sine beste tips. Utstyr og agn er inkludert – du treng berre å ta med fiskelykke og godt humør!

Natursti til Vetlebotn
Gjer fjellturen kjekkare for små og store! Naturstien i Myrkdalen går frå Helgatun til Fjellstova Vetlebotn.