Skiferie i Myrkdalen
Med denne pakken får du alt du treng for ein perfekt skiferie: heiskort, hotellovernatting og frukost!
Bestill nå
Skiferie i MyrkdalenInformasjon
I Myrkdalen er alt samla på éin stad. Køyr heilt fram til døra og lat bilen stå parkert under heile opphaldet. Senk skuldrene og bruk tida på gode opplevingar med vener og familie.
Nytt deg av dette pakketilbodet på Myrkdalen Hotel. Her får du overnatting, frukost og 2-dagars heiskort inkludert for berre 2 890,- per person i dobbeltrom.
Noter deg dette
Skikort hentar du ut i resepsjonen på Myrkdalen Hotel ved ankomst. 2-dagerskortet gjeld den dagen du sjekkar inn og neste dag. Kom derfor tidlig for å få mest mogleg skikøyring. Skisenteret opnar kl. 09.30 kvar dag. Du kan sjekka inn på hotellrommet etter fyrste dag i skibakken.
Bestiller du meir enn ei natt, får du eit heiskort ekstra per ekstra natt.
Pakka inkluderer ikkje key-card. Pakka gjeld ikkje i mellom jul og nyttår, vinterferievekene (veke 8 og 9) eller i påskeferien.
Gratis skibuss Voss - Myrkdalen - Voss
Avgang Voss: Gratis skibuss går frå bussholdeplassen foran Voss Kulturhus, rett ovenfrå Voss Busstasjon. Skyss sine busser går fra plattform B/C.
Avgang Myrkdalen: Gratis skibuss går frå parkeringsplassen utanfor Myrkdalen Hotel til bussholdeplassene ved Voss stasjon.
Les om skibussen her
Godt å vite
Sesong
Møtepunkt
Kontakt
Møtepunkt
Sjekk ut fleire aktivitetar medan du er i Myrkdalen

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tek siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

PT på ski
Finpuss teknikken saman med ein ekspert.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Trugetur i Myrkdalen
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me går tilbake til Myrkdalen.

Hest og slede
Kvar torsdag har du høve til å oppleva ein stemningsfull tur med hest og slede i Myrkdalen! Turen tek deg gjennom snøkledd vestlandsnatur, medan du sit godt pakka inn i varme pledd og høyrer lyden av bjeller og hestesko mot snøen.