Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Arrangement

SkiSeksa

4. januar 2025 - 5. januar 2025
Myrkdalen fjellandsby

4. og 5. januar brakar det igjen laus med SkiSeksa i Myrkdalen. Dette er for deg som ynskjer å testa det nye innan skiutstyr og nytta deg av gode tilbod.

Det nyaste innan skiutstyr

Som alltid markerer Skiseksa starten på året med skiundervisning til reduserte prisar, gratis testing av nytt skiutstyr og gode tilbod!

Test det nyaste utstyret

Draumar du om nytt skiutstyr? Under Skiseksa får du høve til å sjå og teste dei nyaste skimodellane og anna utstyr frå ei rekkje spanande leverandørar. På oversida av hotellet står ekspertane klare med tips, råd og rettleiing slik at du finn akkurat det som passar for deg.

Kurs for alle nivå

Skiskulen tilbyr ekstra gode prisar på kurs denne helga. Her finn du noko for alle – enten du vil lære deg god frikøyringsteknikk i offpist-terreng, eller ønskjer meir flyt og tryggleik i løypene. Det finst kurs for barn, ungdom og vaksne, på alle nivå.

Føredrag om tryggleik i skisenteret

Bli òg med på eit nyttig føredrag om sikkerheit i alpinanlegg. Her får du praktiske tips til korleis du kan førebyggje skadar og ulukker, kva for situasjonar som oftast oppstår i skisenter generelt, og i Myrkdalen spesielt, samt kva du bør gjere dersom du eller andre blir involverte i ei ulukke. Føredraget passar for alle som køyrer ski eller snøbrett i anlegg.

Relevante tilbod

SkiSeksa - Skiundervisning for voksne

SkiSeksa - Skiundervisning for barn og ungdom

Lokasjon

Myrkdalen fjellandsby

Få med deg dette!

Hundekøyring

Kvar fredag heile vinteren har du høve til å nyte det vakre vinterlandskapet i Myrkdalen frå hundesleden!

Frå / per person

Trugetur i Myrkdalen

Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me går tilbake til Myrkdalen.

Frå / per person

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tek siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person