Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Myrkdalen

Haustferie i Myrkdalen

Eit fargerikt teppe legg seg over naturen, lufta er frisk og fjellet inviterer til leik! Myrkdalen har alt for deg som vil nyta haustferien til fjells - med fjellturar, sykling, hestaridning, leikar og sjølvsagt mykje god mat og drikke. Under finn du full oversikt over alt som skjer hjå oss i haustferien!

Program

Laurdag 4. Oktober

  • Kl. 11.00 - 14.00: Åpen Gård på Årmot - Hels på hestar, ponniar, føl, kaninar, høner og sauer på Myrkdalen Hestesenter. Her finn du både kafé og moglegheit for å ri på hest eller ponni.
  • Kl. 12.00 - 14.00: Visning i Sendo og Levehytter. Møt meglar i bua på torget!
  • Kl. 19.00 - 22.00: Strikk & Drikk - Me varmar opp til strikkehelg med ein uformell og sosial kveld på Myrkdalen Hotel, der me samlast for å strikke - eller hekle, brodere og drive med anna handarbeid - i godt lag. Her kan du nyta ein kopp kaffi, vin eller noko anna godt i glaset, medan hendene får jobbe og praten flyt. Arrangementet passar like godt for nybyrjarar som for dei erfarne (Obs! 18-års aldersgrense!). Ingen påmelding - det er berre å møta opp.

Søndag 5. Oktober

  • Kl. 12.00 - 14.00 (registrering på torget kl. 11.00 - 11.45): Finn's orienteringsløp - Bli med på eit familievenleg orienteringsløp i Årmotslia. Løypa er om lag 5 km lang, og ein må rekne med å bruke mellom 1,5 til 3 timar på heile løypa. Ta med kompass (telefonen fungerer fint) og gummistøvlar (det er ofte vått i Årmotslia!).

Onsdag 8. Oktober

  • Kl. 12.00 - 14.00: Finn's lavvotur med aktiviteter - Velkomen bort til lavvoen! Her sørgjer me for varme i bålet dersom de ønskjer å grille medbrakt mat eller pølser. Me legg også til rette for kjekke aktivitetar for barna, som naturbingo, bogeskyting, skattejakt og andre spanande leikar i skogen.
  • Kl. 16.00 - 17.30: Familiequiz i Kamben - Velkomen til familiequiz på ! Meld på familien som eit lag, og bli med når me utfordrar dykk med spørsmål frå alle moglege kategoriar. Quizen har oppgåver tilpassa både barn og litt vanskelegare spørsmål for ungdom og vaksne. Det blir premie til vinnarlaget!

Torsdag 9. Oktober

  • Kl. 10.00 - 15.00: - ein spanande dag fylt med nysgjerrigheit, læring og underhaldning for både barn og vaksne! Her får du utforske vitskapen på ein morosam og engasjerande måte, med praktiske aktivitetar og spektakulært vitskapsshow.

Fredag 10. Oktober

  • Kl. 13.00 - 15.00 (registrering 12.00 - 13.00): Finns hinderløp - Løypa er kort og intensiv, om lag 100 meter, og passar for både små og store. Det blir ulike klasser med premiering for barn, ungdom og vaksne. Tidtakinga blir utført med Alge Timing (self-timer). Møt opp utanfor Myrkdalsstovo (2. etasje).
  • Kl. 16.00 - 18.00: Badstue og aromaterapi - Badsturituale med eteriske oljar, urter, urtete, damp, musikk, song og kaldt vatn – leia av ein utdanna badstumeister. Meir informasjon om badstova vår finn du her.
  • Kl. 17.30 - 19.00: Barnedisco på Pudder - Me inviterer alle barn i alderen 5–12 år til barnedisco på Pudder! Det blir DJ, limbo og kjekke aktivitetar. Maskoten Finn kjem på besøk for å danse saman med oss. Me serverer popkorn og smakfulle mocktails.

Laurdag 11. Oktober

  • Kl. 09.30 - 11.30: Badstue og aromaterapi - Badsturituale med eteriske oljer, urter, urtete, damp, musikk, song og kaldt vatn – leia av ein utdanna badstumeister. Meir informasjon om badstova vår finn du her.
  • Kl. 11.00 - 14.00: Åpen Gård på Årmot - Hels på hestar, ponniar, føl, kaninar, høner og sauer på Myrkdalen Hestesenter. Her finn du både kafé og moglegheit for å ri på hest eller ponni.
  • Kl. 12.00 - 14.00: Visning i Sendo og Levehytter. Møt meglar i bua på torget!
  • KI. 18.00 - 20.00: Musikalsk vinsmaking med Knut Bjørnar Asphol

Me tilrår å pakka fjellsko

Fjella rundt Myrkdalen er ekstra vakre om hausten!

© Sverre Hjørnevik

Den perfekte basen for ein aktiv ferie!

Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reise med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vere i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk!

Les meir

Tips til kva du kan finna på ein liten køyretur frå Myrkdalen?

Fly vindtunnel på Voss

Har du nokon gong drøymt om å kunna fly? Hos Vossvind går draumen i oppfylling! Opplev den utrulege kjensla av vektløyse og fritt fall.

Guida fisketur på Sognefjorden

Opplev magiske Sognefjorden frå båt! Vik Adventure tek deg med frå Vik til idylliske fjordarmar for fiske og sightseeing. Lokalkjende guide viser deg dei beste fiskeplassane og deler sine beste tips. Utstyr og agn er inkludert – du treng berre å ta med fiskelykke og godt humør!

Guida RIB-tur på Sognefjorden

Bli med på ein spennande RIB-tur frå Vik og inn i nokre av dei mest storslåtte og urørte fjordarmane av Sognefjorden. Denne guida turen tek deg med til Arnafjorden, Finnafjorden og idylliske Kvamsøy – ei oppleving som kombinerer naturskjønne perler, dramatisk historie og ekte vestlandsidyll.

Voss Klatre og Ziplinepark

Voss Klatre og Ziplinepark ligger idyllisk til ved Strandaelva på Voss. Her finner du varierte, morsomme og utfordrende aktiviteter for alle aldre.

Frå / per person