Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Mat og drikke

Salto Lobby Bar

Heile året

Anten du ynskjer ei roleg kaffistund på dagtid eller eit stemningsfullt kveldsbesøk med noko godt i glaset, er Salto staden å vera.

Om Salto Lobby Bar på Myrkdalen Hotel

Salto er det varme hjartet av Myrkdalen Hotel, open både på dag- og kveldstid. På dagtid fungerer Salto som ein baristakafé med fokus på kvalitet. Her får du fersk kaffi, nydelege bakevarer frå Flåm Bakeri, paniniar, suppar og enkel varmmat. Atmosfæren er lun og avslappande, ein perfekt stad å varme seg på kalde dagar.

Når kvelden senkar seg, skiftar Salto karakter og blir ein elegant lobbybar med ein nøye kuratert cocktailmeny. Her finn du eit sterkt fokus på musserande vin, champagne frå Frankrike og sider frå fleire regionar i Noreg – i tillegg til utvalde musserande frå både England og Italia, servert både på glas og flaske.

Livemusikk og DJ

Frå fredag 9. januar byr me på underhaldning kvar fredag kveld. Her blir det ulike temakveldar i loungestil med lokale artistar, intime musikalske innslag og stemning rundt peisen.

Sjå kalenderen vår for fullstendig oversikt

I baren står dyktige bartenderar og baristaer klare til å laga akkurat den drinken eller kaffien du ynskjer. Len deg tilbake, senk skuldrene og kos deg med noko godt i glaset.

Opningstider

Sundag – torsdag: kl. 11.00 – 23.00

Fredag – laurdag: Kl. 11.00 – 01.30

Vår, sommar og haust:

Bemanna ved behov

Kontakt

To drinker med glødende peis i bakgrunnen

Ei hyllest til freestyle

Namnet «Salto» er ei hyllest til leiken, sporten og skikulturen på Voss. Myrkdalen har vore arena for spektakulære saltoar i verdsklasse – under Freestyle-VM i 2013 og verdscup i Big Air i 2016 har me sett dei beste utøvarane utfordra både seg sjølve og tyngdekrafta i skibakken.

Me har sett imponerande saltoar i alle moglege variantar i skibakken i Myrkdalen, utført av dei beste utøvarane i verda.


Ved å ta namnet Salto ynskjer lobbybaren å heidra sporten og leiken!

Andre serveringsstader

Restaurant Nuten

Maten som blir servert i Restaurant Nuten skal smaka som landskapet - vilt og reint og med innslag av friske overraskingar. Difor består menyen av kortreiste kvalitetsråvarer.

Restaurant Tunet

I Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel får du den beste pizzaen i området. Sjølvsagt bakt i steinomn, med topping av lokale råvarer.

Fjellstova Vetlebotn

Fjellstova Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, er den naturlege møteplassen midt på fjellet. Gi skibeina ein pause og nyt ein varm lunsj, eller berre ein kopp kakao med krem.

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Myrkdalsstovo Velkomstsenter

Kaféen rett ved sida av billettkontoret er kjent for sine nysteikte vafler, bollar og signaturretten Skikøyrar-sandwich. Har du medbrakt niste er du velkomen til å eta den her.

Myrkdalsstovo

I andre etasje i Myrkdalsstovo, rett ved sida av Myrkdalsekspressen, serverer me rask mat for folk i farta!