
Heftige kvardagsfjell
Tinderettleiaren har vore på fjelltoppar verda rundt. På heimebane vel Stein Falsen Møller likevel Myrkdalen. – Eg vil gje borna sjansen til å oppleva skiglede, seier han.

Tinderettleiaren har vore på fjelltoppar verda rundt. På heimebane vel Stein Falsen Møller likevel Myrkdalen. – Eg vil gje borna sjansen til å oppleva skiglede, seier han.

Ynskjer du å eiga ei hytte på fjellet som du kan bruka både sommar og vinter? Då er Myrkdalen perfekt for deg.

Er du lei av heimekontor og treng litt variasjon i kvardagen? Ta med laptopen til Myrkdalen Hotel og få ny motivasjon og nye impulsar i vakker vestlandsnatur. Kombiner produktive arbeidsøkter på eit behageleg og romsleg hotellrom, med skikøyring i eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg.

Flugefiske er for mange rein meditasjon og ein flott måte å nyta natur og omgjevnadar på. Lærer du deg kasteteknikk frå første stund vert gleda enda større.

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre 30 minutt frå sentrum. Voss er ei kjend bygd, mykje grunna Ekstremsportveko, den største festivalen av sitt slag i verda. Du finn nær eit uttal aktivitetar på Voss for heile familien, frå ekstremsport til bowling. I løpet av sommaren kan du bli med på eit stort utval av adrenalinfylte aktivitetar – hopp ut av eit fly høgt over bakken, kjenn på naturkreftene på ein raftingtur, balanser frå tre til tre i klatreparken eller ta deg ein dukkert i Vossabadet.

Fjelltur er ein perfekt familieaktivitet og området rundt Myrkdalen byr på varierte fjell- og toppturar for alle aldrar.

Kvitkledde vidder, glitrande snø og mektige fjell. Kupert terreng som skapt for langrenn- og fjellskiturar. Magisk vinterlys over fjorden, kvilepuls og store naturopplevingar.

Ynskjer du å få den herlege kjensla av flyt i småkupert terreng og vakker natur? Å få kjensla av at du har uendeleg med energi og at hovudet blir tømt for kvardagsbekymringar? Å springa i fjellet er ei trend som veks for kvart år - med god grunn.

Gamle stølar i vakker vestlandsnatur er fine turmål for heile familien. I og rundt Myrkdalen ligg mange flotte stølar, og me har plukka ut fem enkle og varierte turar i området. Fire av turane har utgangspunkt frå Myrkdalen Hotel og turen til Vetle Grungen er berre ein kort køyretur unna.

Ein kneskade sette punktum for skikarrieren til Kaia Finne. No brenn ho for å visa alle andre dei skjulte skiperlene rundt Myrkdalen. – Ski og fjord i vårt område er ein magisk kombinasjon få hittil har opplevd, seier ho.

Er du ute etter ein aktiv sykkelferie med heile familien, er Myrkdalen plassen for deg! I Myrkdalen finn du ein 850 kvm pumptrack, hopplinjer i ulike vanskegradar, tilrettelagt sti med ulike element, samt sykkelutleige, kurs og guida turar for både vaksne og born.

Mange forbind nok Myrkdalen med nypreppa alpinbakkar, gode barneområde og fantastiske frikøyringsforhold. Langrenn i Myrkdalen er ikkje like kjent.