
Finn roen i Myrkdalen
Kvitkledde vidder, glitrande snø og mektige fjell. Kupert terreng som skapt for langrenn- og fjellskiturar. Magisk vinterlys over fjorden, kvilepuls og store naturopplevingar.
Leiter du etter inspirasjon til kva du kan gjere på i Myrkdalen? Lurar du på kva du skal finna på når du reiser på Norgesferie med familien? Her finn du inspirerande artiklar som vil hjelpe deg i planlegginga.

Kvitkledde vidder, glitrande snø og mektige fjell. Kupert terreng som skapt for langrenn- og fjellskiturar. Magisk vinterlys over fjorden, kvilepuls og store naturopplevingar.

Ynskjer du å få den herlege kjensla av flyt i småkupert terreng og vakker natur? Å få kjensla av at du har uendeleg med energi og at hovudet blir tømt for kvardagsbekymringar? Å springa i fjellet er ei trend som veks for kvart år - med god grunn.

Gamle stølar i vakker vestlandsnatur er fine turmål for heile familien. I og rundt Myrkdalen ligg mange flotte stølar, og me har plukka ut fem enkle og varierte turar i området. Fire av turane har utgangspunkt frå Myrkdalen Hotel og turen til Vetle Grungen er berre ein kort køyretur unna.

Ein kneskade sette punktum for skikarrieren til Kaia Finne. No brenn ho for å visa alle andre dei skjulte skiperlene rundt Myrkdalen. – Ski og fjord i vårt område er ein magisk kombinasjon få hittil har opplevd, seier ho.

Er du ute etter ein aktiv sykkelferie med heile familien, er Myrkdalen plassen for deg! I Myrkdalen finn du ein 850 kvm pumptrack, hopplinjer i ulike vanskegradar, tilrettelagt sti med ulike element, samt sykkelutleige, kurs og guida turar for både vaksne og born.

Mange forbind nok Myrkdalen med nypreppa alpinbakkar, gode barneområde og fantastiske frikøyringsforhold. Langrenn i Myrkdalen er ikkje like kjent.

Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reisa med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vera i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk! Her får du oversikt over alt du kan oppleva i og rundt Myrkdalen - anten du ynskjer ro og fjelluft eller spennande utfordringar.

Når kjende julesongar igjen høyrast på radioen, kjenner du kanskje at førjulsrushet kjem snikande. Midt i alt som skal gjerast ynskjer du å finna ei gåve som faktisk betyr noko. Med eit gåvekort frå Norway’s best gjev du nettopp det: fridommen til å velja ei oppleving som skapar forventning, glede og minne som varar lenge etter at jula er over.