
Næringskonferansen i Flåm
Me inviterer til to dagar fylt med inspirasjon, fagleg påfyll og spennande diskusjonar om framtidas moglegheiter.
Vyer handlar om meir enn det vi ser
Når vi samlast på Fretheim Hotel i Flåm i oktober, skal vi snakke om Vyer - om å sjå framover, om ambisjonar, om håp og det å ha framtidstru. Vi har invitert føredragshaldarar, som gjennom relevante og dagsaktuelle tema skal bygge opp under dette. Kvar for seg og samla vil dei gi oss innsikt og inspirasjon til å handtere vår eigen arbeidskvardag. Og danne grunnlaget for gode samtalar både under og etter konferansen.
Vyer 2026 skal gi inspirasjon, nye perspektiv og rom for gode samtalar. Kanskje også mot til å tenkje litt større, sjå litt lenger og tru litt sterkare på det som kan bli.
Velkomen til to dagar med innsikt, refleksjon og nye vyer.
Påmelding & overnatting
Treng du overnatting? Med koden “NÆRINGSKONFERANSE 2026” får du som deltakar 20% rabatt på rom & frokost på Fretheim Hotel. Merk at koden må leggjast inn før du vel rom.
Program
Lokasjon
Foredrag som utfordrar og inspirerer
Kva håp og ambisjonar har ein ungdom i 2026? Korleis skal vi utføre leiarskap som gir retning i usikre tider? Utviklinga innan KI gir oss uendelege moglegheiter, men det betyr også at vi må endre måten vi tenker og jobbar på.
Vi skal møte unge gründerar med nye idear og ein som har gjort drastiske val for å realisere den framtida han ønsker seg. Så skal vi gå 30 år tilbake i tid for å hente inspirasjon frå nokon som torde å tenkte store tankar, og klarte å realiserte dei. Ei suksesshistorie som no er dokumentert i ei heilt ny bok.
Også i år har vi invitert personar som skal gi oss inspirasjon og perspektiv til ettertanke. Om arbeidslivet sine mange paradoks. Og ikkje minst bodskapen om at uansett kva livet og framtida byr på – «Det er meg sjølv det kjem an på.»
Foredradshaldarar 2026


Silvija Seres

Gyrid Beck Solberg

Ben Ward

Hege Toft Karlsen

Trond Øverås

Tone Myklebust Kvåle
Om Næringskonferansen
Næringskonferansen i Flåm er ein årleg møteplass for næringslivet, der innovasjon, utvikling og omstilling står i fokus. Konferansen samlar deltakarar frå ulike bransjar for fagleg påfyll, inspirasjon og nettverksbygging i vakre omgjevnader.
Me gler oss til å dele erfaringar, utforske løysingar og saman skape ei berekraftig framtid for bygdene våre.

Bildegalleri
Ting å gjere i og rundt Flåm

Flåmsbana Tur-Retur
Bli med på tur gjennom den ville Flåmsdalen med verdensberømte Flåmsbana!

Fjord Cruise Nærøyfjord
Nyt UNESCO-skatten Nærøyfjorden på lydløst, utslippsfritt cruise fra Flåm til Gudvangen. Fang minner for livet!

Stegastein utsiktspunkt
Se fjorden fra 650 meters høyde! Nyt panoramautsikten over Aurlandsfjorden fra det unike utsiktspunktet Stegastein.

Fjord Sauna i Flåm
Kombinasjonen av en dampende varm badstue og forfriskende bad i fjorden er en perfekt avkobling etter en inntrykksfull dag. Legger du også til den vakre utsikten over Aurlandsfjorden, er Fjord Sauna også en fantastisk opplevelse i seg selv.