Hopp til hovedinnhold
Gå tilbake til Overnatting i Myrkdalen

Myrkdalen Hotel

Moderne Myrkdalen Hotel ligg midt i eit mektig fjellandskap mellom aktivitetsbygda Voss og fantastiske fjordeventyr i Flåm. Eit hav av moglegheiter ventar på deg, anten du søkjer etter ein spanande ferie med familien eller ynskjer å finne roen i majestetisk vestlandsnatur.

Om hotellet

Myrkdalen Hotel ligger perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt mest komplette skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på fjellturar i alle utgåver, sykkelstiar, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.

I tillegg til standardrom har hotellet mange ulike romtypar å velge mellom – frå familierom til elegante suiter. Alle romma har internasjonal standard – med fine fargetonar og lekre detaljar. Hotellet har moderne konferansefasilitetar, to leikerom, to barar og tre restaurantar. Maten smaker som landskapet, vilt og reint – med innslag av friske overraskingar!

Rom

Standard dobbeltrom

Standard rom med dobbeltseng eller twin senger.
2 gjestar
Gratis wi-fi

Familierom

Dobbel/ twin seng og sovesofa.
2 gjestar
Gratis wi-fi

Familierom med balkong

Dobbel/twin seng, sovesofa og plass til ekstraseng.
2 gjestar
Gratis wi-fi

Juniorsuite

Dobbel/ twin seng, dobbel sovesofa, liten salong.
2 gjestar
Gratis wi-fi

Suite med ett soverom

Suite med avdelt soverom.
2 gjestar
Gratis wi-fi

Suite med to soverom

To soverom, med dobbel/ twin seng.
4 gjestar
Gratis wi-fi

Superior Rom

Standard rom med twin seng. Rommet er noe større enn et standard dobbeltrom og har bad med dusj/toalett, flatskjerm TV, skrivebord, stol, hårføner.
2 gjestar
Gratis wi-fi

Opningstider

Måndag:
Døgnope
Tysdag:
Døgnope
Onsdag:
Døgnope
Torsdag:
Døgnope
Fredag:
Døgnope
Laurdag:
Døgnope
Søndag:
Døgnope

Servicetilbod

Kontakt

Hotellpakkar

Praktisk informasjon

Innsjekk: Frå kl. 16.00

Utsjekk: Før kl. 11.00

Ved ledig kapasitet er det mogleg å bestille tidleg innsjekk og sein utsjekk til kr. 100,- per time. Dette kan ikkje bestillast online, men send gjerne ein førespurnad til kundeservice@myrkdalenhotel.no.

© Sverre Hjørnevik

Arrangement og aktivitetar

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Strikkehelg

1. - 3. november ønskjer me velkomen til ei koseleg helg fylt med strikking, hygge og inspirasjon. Nyt den friske fjellufta i godt lag saman med andre strikkeglade!

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Smak & Tonar

Den 16. november kan du oppleva ein uforgløymeleg kveld på Restaurant Nuten, med gourmetkokk Ørjan Johannessen ved grytene. Undervegs vil songar Frida Amundsen sørgja for musikalsk magi.

Juleverkstad og julegrantenning

Kom til fjells 30. november for å markera byrjinga på adventstida. Det blir julestemning for store og små, med juleverkstad, gløgg og peparkaker! Når mørket senkar seg, blir juletreet tent.

Familiejulebord på Myrkdalen Hotel

Her blir det julestemning for store og små! Ta med heile familien, bestemor og bestefar, og bli med på familiejulebord og Bornas juleshow med Olav Undeland!

Julebord på Myrkdalen Hotel

Kom til snødekte fjell, der lufta blir fylt med lukta av jul. Peisen varmar, og du høyrer lyden av latter og glas som klirrar. Anten du kjem med kollegaer, familie eller venner har me julebord som passar for deg!

Frå / per person

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person

Nærområdet

Om Myrkdalen

Myrkdalen Fjellandsby er eit av Vestlandets største skisenter og ein komplett destinasjon der du finn alt du treng for ein aktiv ferie innanfor gangavstand.

Dalen ligg 30 kilometer frå Voss Sentrum og næraste togstasjon, 130 kilometer frå Bergen sentrum og Bergen Lufthavn Flesland. Næraste matvarebutikk er Joker Vossestrand på Vinje, 10 kilometer unna.