Påskeferie i Myrkdalen
Kvikklunsj, appelsin, slush-føre og sol i fjellet – påska er magisk i Myrkdalen! Ta med familien og nyt lange skidagar, spennande aktivitetar og stemningsfulle arrangement for både store og små. Her finn du full oversikt over alt som skjer i Myrkdalen i påska. Velkomen til fjells!

Program
Kvar dag 30. mars - 4. april
- Kl. 09.30-12.00: Finn bamsen Torleif!
Påskekyllingen Torleif går seg vill kvar påske, og i år er ikkje noko unntak! Kvar dag gjennom heile påska blir bamsen gøymd ein stad i skianlegget. Det blir lagt ut eit hint med tag #korertorleif kvar morgon. Alle som finn han og sender selfie saman med Torleif til aktiv.myrkdalen@norwaysbest.com er med i trekkinga av premie. Vinnaren blir annonsert på Instagram dagleg.
Tirsdag 31. mars
- Kl. 09.00 - 13.00: Topptur for nybegynnere. Kjensla av å stå på ski i urørt, lett puddersnø i vakkert fjellterreng er heilt uslåeleg. På desse nybyrjarturane får du ein smakebit på topptur i trygge omgivnader.
- Kl. 13.00 - 15.00: Paralellrenn i Landsbybakken. Hugs kostyme! Premieutdeling i Pudder etter rennet.
- Kl. 16.00 - 18.00: Trugetur til villmarksleiren. Idyllisk trugetur gjennom det snødekkede vinterlandskapet.
- Kl. 19.00: 80-talsfest med Sledgehammer i trakkemaskingarasjen.
Onsdag 1. april
- Kl. 13.30 - 15.30: Nordisk skiopplevelse. Ein guida skitur på fjellski! Me glir gjennom lett og variert terreng og utforskar stilla til naturen.
- Kl. 19.00: Filmkveld på Myrkdalen Hotel
Torsdag 2. april
- Kl. 09.00 - 13.00: Topptur for nybegynnere. Kjensla av å stå på ski i urørt, lett puddersnø i vakkert fjellterreng er heilt uslåeleg. På desse nybyrjarturane får du ein smakebit på topptur i trygge omgivnader.
- Kl. 10.00 - 18.00: Frå fjell til fjord. Ta ein dagstur med buss til Gudvangen og Flåm! Der kan du dra innom Vikingbyen, ta Fjord Cruise og Flåmsbana - eller velja dine eigne aktivitetar.
- Kl. 15.00 - 19.00: Afterski på Pudder med 90- og 2000-tallstema
- Kl. 18.00 - 20.00: Hest og slede. Ein stemningsfull tur gjennom snødekt vinterlandskap.
- Kl. 19.00 - 21.00: Påskenøtter med Olav Handeland på Salto Lobby Bar (18+)! Samle eit lag på 2–5 personar og test kunnskapen dykkar i fleire spennande kategoriar. Det er premie til vinnarlaget.
- Grilling utanfor Pudder og Vetlebotn
- Kl. 21.00: Nattklubb på Pudder
Fredag 3. april
- Kl. 11.30 - 14.00: Hundekøyring. Nyt vinterlandskapet frå hundesleden! Det blir også høve til å kosa med hundane.
- Påskeggjakt med haren Finn.
- Kl. 15.00 - 19.00: Afterski på Pudder med trubadur Stian
- Kl. 16.00 - 18.00: Trugetur til villmarksleiren. Idyllisk trugetur gjennom det snødekkede vinterlandskapet
- Kl. 17.00 - 19.00: Barnedisco på Pudder
- Grilling utanfor Pudder og Vetlebotn
- Kl. 21.30: Eva Cassidy-kveld i Salto Lobby Bar med Eli Gauden
- Kl. 21.00: Nattklubb på Pudder
Lørdag 4. april
- Kl. 12.00 - 14.00: Meklar i bua på torget. Er du nysgjerrig på eigedom i Myrkdalen? Det er mogleg med visning i Sendo eller Levehytter! Stikk innom bua for ein hyggeleg prat.
- Kostymerenn for barn i Landsbybakken
- Kl. 15.00 - 19.00: Afterski på Pudder med trubadur Stian
- Grilling utanfor Pudder og Vetlebotn
- Kl. 21.00: Nattklubb på Pudder
Kvar dag
- Aketur kl. 15.15: Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen!
Har du testet dette ennå?

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tek siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.