Vi har endra namn
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Nyt flotte dagar på ski i Myrkdalen Fjellandsby, med opphald på historiske Fretheim Hotel i Flåm. Me tilbyr gjestane ein gunstig pakke med overnatting to netter i standardrom med frukost og heiskort for to dagar i Myrkdalen.
Familievennlege Myrkdalen er det største skisenteret på Vestlandet, og ligg i Voss Herad, berre 45 minutt frå Flåm. Her finn du familievennlege skiområde, løyper i alle vanskegrader, terrengparkar, skicrossløyper og flott terreng for offpiste. Alt er lagt til rette for at både små og store skal kunne gle seg over å stå på ski.
Periode: Frå 01.12 – 30.04.20
Pakken omfattar følgjande:
Det beste av to verder
Fretheim Hotel er stolt medlem av De Historiske Hotel & Spisesteder. Medlemsorganisasjonen femner fleire av dei mest sjarmerande hotella og serveringsstadene i Noreg. God mat og vennleg velkomst gir gjestane på Fretheim Hotel avslapping som involverer alle sansane! Maten blir for det meste henta frå nærliggjande gardsbruk, og kjøkenet på Fretheim kombinerer autentisk tradisjon og inspirerande innovasjon.
Hotellet ligg i hjartet av Flåm med eineståande utsikt over fjell og fjord. Den verdskjende Flåmsbana tilbyr ei jernbanereise du seint vil gløyme, eller du kan nyte eit fjordcruise gjennom UNESCOs verdsarvpark.
Det har aldri vore enklare å reise mellom Flåm og Myrkdalen Fjellandsby. Fjord & Fjellbussen har to daglege avgangar i kvar retning frå og med 24. desember 2019. Avgangen kl. 08.15 frå Flåm, med retur frå Myrkdalen kl. 18.00, er perfekt for ein dag på ski.