Fjellatter
Klar for ei latterfylt helg? 27. – 28. september samlar me nokre av Norges morosamste til humorfestivalen Fjellatter. Haustens store høgdepunkt i Myrkdalen byr på stand-up med kjende komikarar, engasjerande underhaldning, flotte naturopplevingar og ein god latter.
Reservasjon
Ynskjer du å booke for større grupper?
Kontakt oss på: kundeservice@myrkdalenhotel.no
Om arrangementet
Klar for ei latterfylt helg? 27. – 28. september samlar me nokre av Norges morosamaste til humorfestivalen Fjellatter. Haustens store høgdepunkt i Myrkdalen byr på stand-up med kjende komikarar, engasjerande underhaldning, flotte naturopplevingar og ein god latter.
På programmet står kjende namn som Dag Sørås, Hans Morten Hansen og Trine Lise Olsen, i tillegg til nye talent som vil overraska og imponera.
Ta med deg vennegjengen, kjærast eller kollega og bli med på ei uforgløymeleg helg. Me gleder oss til å le saman me dykk!
Relevante tilbud
Dagspass og festivalpass
Gjer deg klar for ei latterfylt og uforgløymeleg oppleving i fjellet!
Fredagspass og overnatting
Start helgen med en latterkule! Denne pakken inneholder fredagspass, overnatting og middag.
Fra kr. 2 145,- pr. person
Lørdagspass og overnatting
Avslutt uken med en latter! Denne pakken innholder lørdagspass, overnatting og middag.
Fra kr. 2 145,- pr. person
Festivalpass og overnatting
Sikre deg overnatting begge dagar og nyt helga med stand-up frå Noregs beste komikarar.
Fra kr. 3 990,- pr. person
Enkeltshow
Har du ikke tid til å bli med på all moroa? Her kan du få kjøpt billetter til de ulike oppvisningene.
Visning i Sendo & Svoletunet 2
Under Fjellatter kan du nytte sjansen til å reise på visning i Sendo og Svoletunet 2.
Program
Kontakt
Lokasjon
Praktisk informasjon
Det vert satt opp buss tur/retur frå:
Voss - Myrkdalen
Vik - Myrkdalen
Aurland/Flåm - Myrkdalen
Bestilling og informasjon om buss kjem seinare.
Forestillingane vert i telt utanfor hotellet. Teltet er oppvarma og har 400 sitteplassar. I teltet vert det servering av drikke før show, i pausar og etter show.
Det vert After Latter på Pudder frå kl. 21.30 - 02.00.
Under Fjellatter kan ein også bli med på aktivitetar som guida sykkeltur til Holo, Lavotur og guida tur til Vetlebotn.
Om komikarane:
Dag Sørås
«Hardtslåande, utfordrande og kunnskapsrik. Legg til fantastisk morosam, så har du Dag Sørås.» Sidan sin første opptreden i 2002 har Dag, med sin kompromisslause og ærlege stil, bygd seg opp til å bli ein av dei mest nyskapande, produktive og suksessrike komikarane her til lands.
Bjørn-Henning Ødegaard
«Ein tilbakelent og lun publikumsfavoritt med smarte tekstar, overraskande vendingar og stilsikker levering.»
Frida Homlung
Frida Homlung er komikar, skodespelar og serieskapar i NRK. Ho har opptredd på store scener i Oslo og over heile Noreg. Frida har jobba som programleiar, tekstforfattar og spelt i ulike humor- og TV-seriar. Ho er også aktuell med komande prosjekt i 2024 og 2025.
Christer Torjussen
«Christer Torjussen har underhalde landets befolkning i ei årrekke, noko som har skaffa han materiale nok til å halde det gåande så lenge som helst for kven som helst. Torjussen er den reine mitraljøsen, og poenga renn ut i raskt tempo.»
Jonas Rønning
«Hysterisk morosam og genial.» Jonas Rønning har drive med standup og humor sidan førre årtusen. Han representerer solid og klassisk observasjonsstandup, samtidig som han er ein av landets beste parodikarar.
Rasmus Wold
«Rasmus Wold er eit stjerneskot som får eit stadig større publikum gjennom fantastisk morosam og intelligent standup.» På scenen er han rett og slett strålande! Han tek tak i daglegdagse observasjonar og irritasjonsmoment, har ein svakheit for å leike med ord og er ikkje redd for å seie ting som kan vera politisk ukorrekte.
Sandra Spjelkavik
«Kvargdagshumor og mimikk frå ein annan verden! Spot on! Utan tvil ny favoritt!» - Marte Tefre. Sandra Spjelkavik er ein allsidig tekstforfattar og komikar som byr på både standup, humormusikalske innslag og parodiar/karakterar.
Hans Morten Hansen
«Ein av Noregs beste standupkomikarar som berre blir betre og betre. Poenga er skarpe og salvene blir levert i høgt tempo. Hansen tronar framleis blant Noregs humorkongar.»
Halvor Johansson
«Alle elskar hardtslåande Halvor.» Halvor Johansson har i løpet av dei siste åra blitt ein publikumsfavoritt både på Latter og humorscener i resten av landet. Med naturleg sceneautoritet kombinert med ei svært sjarmerande framtoning framkallar Halvor latterbrøl frå publikum i alle aldrar.
Jonna Støme
Sidan han debuterte som standupkomikar for nesten tjue år sidan har Jonna elska å stå på scenen, og publikum har elska han frå fyrste stund. Han har ein uimotståeleg sjarm, eit smittande smil og ei unik evne til å finne stor humor i bittesmå kvardagslege ting.
Trine Lise Olsen
Trine Lise Olsen er ein samisk norsk komikar, skodespelar og føredragshaldar frå Finnmark. Ho vann "Den norske humor" i 2009 og har sidan då underhalde over heile landet. Ho byrja med standup i 2010 og sjarmerer folk med sin sjølvironiske stil.
Christoffer Schjelderup
«Christoffer Schjelderup er ei legende i Bergen og blir stadig meir kjend for resten av landet. Hardtslåande og treffsikre vitsar som garanterer latterbrøl.»
Andreas Bach
Andreas Bach er ein av Noregs mest hardtslåande komikarar, med ei unik evne til å levere mørk og intelligent humor som treff publikum rett i hjarta. Med eit glimt i auga og ein befriande ærlegheit tek han opp tema som kjærleik, jobb og familieliv, og leverer punchlines som garantert får latteren til å sitta laust.
Olav Kvåle
Olav er den einaste «Vossingen» i gjengen. Han starta ikkje med standup før april 2022, men ikkje la deg lure sjølv om han er den yngste i gjengen med sine 18 år. Denne komikaren køyrer lastebil, men reiser likevel hit og dit for å få folk til å le. Han har mange flotte parodiar på ulike dialekter, som er noko av det han er mest kjend for. Olav har opptrådd mykje i Bergen, Voss, Haugesund og til og med Stranda. Med Olav kan du forvente mykje latter og god stemning.