Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Myrkdalen

Vinterferie i Myrkdalen

Ta med store og små til fjells i vinterferien. Me byr på spennande aktivitetar, både med og utan ski på beina. Gjer deg klar for ein minnerik ferie!

Vinterferieprogram

I veke 7, 8 og 9 er det ekstra mykje moro som skjer i Myrkdalen. Ta ein titt på vårt vinterferieprogram og planlegg draumeveka di!

Veke 9: 24. februar - 2. mars

Mandag

Tirsdag

Onsdag

  • Kl. 17.00: Musikkbingo i Salto Lobby Bar
  • Kl. 20.00: Trubadur i Salto Lobby Bar

Torsdag

  • Kl. 16.00: Trugetur til lavvo
  • Kl. 16.00 - 21.00 Slettvoll Bergen er tilgjengeleg for booking av interiørrettleiing
  • Kl. 17.00: Musikkbingo i Salto Lobby Bar
  • Kl. 20.00: Trubadur i Salto Lobby Bar
  • Villmarkslinja frå Voss VGS slår leir utanfor Vetlebotn! Kom innom og lær om skredfare, bygging av snøbustad og skiteknikk på fjellski og telemark.
  • Dypvevsmassasje for Fjellfolk: Muskelterapaut Helene frå Knipetak kjem til fjells for å gje behandling.

Fredag

  • Kl. 13.00 - 21.00: Slettvoll Bergen har Pop Up-Showroom på Myrkdalen Hotel
  • Dypvevsmassasje for Fjellfolk: Muskelterapaut Helene frå Knipetak kjem til fjells for å gje behandling.
  • Kl. 20.00: Quiz i Salto Lobby Bar
  • Kl. 21.30 Trubadur i Salto Lobby Bar

Laurdag

Daglege aktivitetar

  • Leik på Torget frå 11.00 - 13.00 (17. februar - 2. mars)
  • Finns Barneskirenn i Mikkeltrekket. Påmelding kl. 13.30. Renn kl. 14.00 (24. februar - 2. mars)
  • Kest Pop-Up Tapas frå kl. 19.00 i Myrkdalsstovo

Aktivitetane «Finns Barneskirenn» og «Leik på Torget» er gratis og krev ikkje påmelding i forkant. Det er berre å møta opp!

Meld deg på årets vinteraktivitetar her

Kanefart: Hest og slede

Bli med på ein stemningsfull kveldstur gjennom vinterlandskapet i Myrkdalen.

Quiz i Salto Lobby Bar

Meld dykk på som eit lag med vener og familie. Vi utfordrer dykk i alle kategoriar!

Renn i self-timer løypa

Kom deg frå start til mål på kortast mogleg tid!

Felles trugetur til villmarksleiren

Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen.

Kjøp

Isbjørnen Bjørnis og de røde prikkene i Myrkdalen

Bli med på et magisk figurteater-eventyr med Isbjørnen Bjørnis og de røde prikkene, en forestilling basert på barneboken av Sofie Cappelen!

© Chris Baldry
© Chris Baldry
© Chris Baldry

Pakketilbod: Vinterferie i Myrkdalen

Len deg tilbake og nyt vinterferien! Pakken inkluderer tre-rettars middag, overnatting, frukost og heiskort.


Frå / per person
Bestill overnattingspakke

Dypvevsmassasje for Fjellfolk

Muskelterapaut Helene frå Knipetak kjem til fjells 8., 24., 26. og 28. februar for å gje behandling:

Vel mellom:

  • 30 minutt rygg/nakke/armar (800,-)
  • 30 minutt bein (800,-)
  • 60 minutt heile kroppen (1550,-)

Booking i resepsjonen på Myrkdalen Hotel! Kontakt Helene dersom du har spørsmål: +47 90 27 5748.

Møt Slettvoll i Myrkdalen

I vinterferien har du sjansen til å møta Slettvoll Bergen. På Myrkdalen Hotel kan du besøkja eit showroom i peisestova, der dei gir deg inspirasjon, råd og rettleiing til innreiinga di.

Slettvoll byr på lett servering, og du får òg med deg ei utgåve av deira nyaste katalog.

Til stades følgjande dagar:

  • Torsdag 27. februar, kl. 16–21
  • Fredag 28. februar, kl. 13–21
  • Laurdag 1. mars, kl. 10–15

Ikkje gå glipp av desse aktivitetane!

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person

Frå fjell til fjord

Når du er i Myrkdalen, er du berre ein kort tur unna nokre av Noregs mest spektakulære fjordar. La skibeina kvila og nyt eit cruise på Nærøyfjorden, ein UNESCO-vernet perla, eller ta den legendariske Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda.

Trugetur i Myrkdalen

Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.