Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
2 min lesetid
Besøk Myrkdalen – Det komplette vinterparadiset med høge snømålingar i Vest-Noreg. Her får du den ultimate skiferien i Noreg. Utan å måtta reisa utanlands får de oppleva eit pudderparadis som gir gåsehud og eit kick utan like.
Historisk sett skil Myrkdalen seg ut for sine høge snømålingar, og vart nyleg kåra til ein av verdas ti beste stader for pudderkøyring.
Myrkdalen er eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg, midt i eit mektig landskap av fjell og fjord. Løypene er alltid nypreparerte og urørt snø er berre nokre stavtak unna. Her er lett å koma til – 2 timar frå Bergen og 5,5 timar frå Oslo.
Den vesle dalen utanfor Voss er kjent for å vera ein komplett og snøsikker destinasjon som mange har på bucket-lista si, og fleire og fleire ski-entusiastar frå inn- og utland har funne vegen hit dei siste åra.
– Det er dei velpreparerte løypene og urørt pudder som har stått høgt i kurs,
meiner Klaus Finne frå Voss. Han er tidlegare landslagsutøvar i freestyle og jobbar no som innhaldsprodusent i Myrkdalen.
– I tillegg har du alt du treng i nærleiken, frå restaurantar, kaféar og barar til sportsbutikkar, skiutleige og treningssenter. Her er også eit mangfald av ulike aktivitetar, både med og utan ski på beina, fortel han vidare.
Når du treng energipåfyll mellom skikøyringa, er det fleire serveringsstader i området. Koselege Fjellstova Vetlebotn midt i bakken byr på fantastisk utsikt og herlege varme rettar basert på gode kvalitetsråvarer.
I Myrkdalsstovo Velkomstsenter får du den unike signaturretten Skikøyrar-sandwich som har blitt særs populær blant skigjestar på farta, og ynskjer du ein unik og smakfull 3-rettar middag er det Restaurant Nuten som gjeld.
(Bergens Tidende 7. april 2022)Du trenger ikke bare stå på ski når du er i Myrkdalen. Maten er også et trekkplaster.
Når skidagen er omme er "afterski lounge" på Kamben Kafé og Bar eit heitt tips. Her kan du velja mellom eit stort utval øl frå lokale bryggeri, og på skjermane kan du få med deg fotballkampar og andre sportssendingar.
I helgene er det Pudder Afterski som gjeld, der DJ-en sjølvsagt sørger for å få feststemte skigjestar ut på dansegolvet!
Gjennom skisesongen er Myrkdalen blant norske skistader som tronar høgast på snømålingane.
- Ein kvar topptur-entusiast kan få oppfylt sin våte draum om spennande frikøyringsmoglegheiter, seier Klaus og smiler entusiastisk.
Han veit kva han snakkar om. Han er nemleg ein av dei som jaktar ivrig etter dei beste linjene, og kan ikkje få nok av rå skikøyring.
TIPS til topptur:
Begge tek utgangspunkt frå skisenteret og er flotte dagsturar som byr på fin utsikt.
For deg som ikkje er så godt kjent i området er det mogleg å få skreddarsydd draumetoppturen med guide.
Er du ein skikkeleg skientusiast er det éin ting du ikkje bør gå glipp av når du fyrst reiser på skiferie i Vest-Noreg: å ta den ikoniske Flåmsbana til Vatnahalsen. Hopp så av toget på Vatnahalsen og førebu deg på årets råaste skikøyring med fine nedfartar i alle himmelretningar!
Det er også fine forhold for fjellski, dersom du føretrekk det. Gå langs Rallarvegen, ta ein runde rundt Reinungavatnet eller få utsikt frå Reinunga eller Skjebergsnuten.
– Me formidlar gjerne kontakt til sertifiserte fjellførarar om nokon ynskjer det, seier Klaus Finne.
Omkransa av fjell og fjord gjev Myrkdalen eit særpreg som byr på kontrastfylte opplevingar.
Klaus fortel at det ikkje berre handlar om fartsfylt skikøyring, pudder og strøkne løyper.
– Me byr også på fleire aktivitetar utan ski på beina, og berre 35 minutt unna kan du få spektakulære og eksotiske fjordopplevingar som Vest-Noreg er kjent for.
Klaus Finne avsluttar med eit smil:
– Flytande badstova med den fjordutsikta må vera den perfekte avkoplinga etter aktive dagar på ski. Pudder til frukost og fjord til kvelds!
Klaus deler tipsa sine til ein perfekt 5-dagar tur som lar deg kombinera ski-eventyr og unike fjordopplevingar.
2 min lesetid
3 min lesetid
1 min lesetid