
Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Voss er eit kjent padleparadis som tiltrekk seg padlarar frå heile verda. Først og fremst for elvepadling, men med alle dei flotte vatna og nærleiken til fjord er Voss også ein ypparleg destinasjon for havkajakk.
Det er ikkje så rart at elvepadlarar frå inn- og utland vel nettopp Voss som reisemål. Dei mange elvene rundt byr nemleg på variert padling – frå rolege elver til strie stryk og heftige fossefall.
Ein av pionerane innan elvepadling på Voss er Mads Rio i Vått & Vilt. Han er mellom anna den aller fyrste som har padla Brandsetelva, Myrkdalselva og fleire andre klassiske elver som i dag lokkar til seg dei råaste padlarane verda rundt.
Padling handlar vel så mykje om den unike totalopplevinga som det å læra seg riktig teknikk.
Lidenskapen for padling ynskjer han å dela med andre, og brenn for å gje den beste opplevinga i det våte element. Sidan midten av 90-talet har vossingen halde ulike kajakkurs – frå grunnkurs i elv til spennande havpadlekurs på Voss og i Nærøyfjorden.
«Padling handlar vel så mykje om den unike totalopplevinga som det å læra seg riktig teknikk,» konstaterer den erfarne padlaren.
Overnattar du på Myrkdalen Hotel har du Myrkdalselva i nærleiken. Øvre delen er brei og slyngjer seg gjennom det ville fjellandskapet, medan nedre del er noko brattare med store sklier og drop, før den munnar ut i Myrkdalsvatnet.
Mange venegjengar tek kurset og har det knallgøy i lag i to dagar.
Det er i dette vassdraget du kan vera med Mads på ein morosam to-dagar grunnkurs i elvepadling. Padlekurset startar fyrst på stille vatn og roleg straum før ein fortset på striare stryk. «Kurset passar for alle over 16 år som er ute etter å ha det moro. Mange venegjengar tek kurset og har det knallgøy i lag i to dagar,» fortel Mads i muntre ordelag.
Finn dato som passar:
Om du er på jakt etter ei oppleving som heile familien kan gjera saman, er familiepadling i stødige og lettpadla havkajakkar midt i blinken. Mads fortel at kajakkpadling for familiar har meir fokus på leik og moro i vatnet. Ingen forkunnskap er nødvendig og opplegget vert tilpassa etter behov og ynskje.
Blant bedrifter som ynskjer å kombinera aktivitet med fagleg innhald og konferanseopphald på Myrkdalen Hotel, er tur med havkajakk ein av dei mest populære teambuilding-aktivitetane.
Heller ikkje her er det krav til erfaring og turen kan skreddarsyast etter ynskje frå gruppa. Me kan til dømes ta med oss havkajakkane til Nærøyfjorden, berre 35 minutt unna Myrkdalen, dersom ein ynskjer å koma tett på det spektakulære fjordlandskapet.
– Naturopplevingane frå kajakk er noko du seint vil gløyma, seier Mads overbevisande og oppmodar alle som ikkje har prøvd til å få ein smakebit på det kajakkpadlinga har å by på.
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reisa med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vera i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk! Her får du oversikt over alt du kan oppleva i og rundt Myrkdalen - anten du ynskjer ro og fjelluft eller spennande utfordringar.
Julebrusen har for lengst innteke butikkhyllene, julebelysninga lyser opp gatene, og lista over gjeremål blir stadig lenger – trass i alle avkryssa punkt. Du ynskjer å gje dei du er glad i ei gåve som verkeleg treffar, men blir den genseren du synest er så fin, brukt meir enn éin gong? Med eit gåvekort frå Norways Best gir du fridommen til å velja ei oppleving som garantert blir sett pris på.